Fleire tusen er kvar dag innom Klypa sin youtubekanal  for å få med seg Kjellen sine juleførebuingar. Bak kvar luke fram til julaftan tek han føre seg ein ny kommune i Norge.  Første episoden om Sykkylven er sett over 81 tusen gongar.

– Det heile har teke litt av på ein måte, seier mannen bak suksessen og lukene, Thomas Ryste, til smp.no.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Eksplosjon

På ein og ein halv månad har talet på abonnentar på kanalen «Klypa» gått i frå 8.000, til i overkant 17.000.

Det betyr at kvar gong Kjellen, Palle eller andre frå Klypa-universet kjem med nye påfunn, får abonnenten beskjed om det. Slik håpar Ryste at Klypa  vil nå ut til fleire.

– Det er kjempekjekt. Men det er mykje arbeid for å få det til å få rundt. Men youtube har vist seg å vere ein god måte å formidle humoren min på, seier Kjellen på telefon frå Bergen der han har spela 30 show i haust.

Juleferie?

– Får du tid til noko juleførebuingar på privaten?

– Dette er førebuingane mine, seier Ryste, som har familien med på laget.

– Fruen er  også involvert  gjennom underhaldningsfirmaet mitt.

Etter helga skal han ta seg ei velfortent, men kort juleferie.

– Eg skal prøve å få til ein pallefilm i løpet av romjula. Men først skal eg operere biholene mine. Det har eg utsatt så lenge på grunn av tett program. No har helsa mi skranta så lenge at eg må få det gjort.

Kva synst du om julekalendaren til «Kjellen»? Bruk kommentarfeltet !