Kystverket sitt overvåkingsfly oppdaga torsdag diesellekkasje frå trålaren «Krasnoselsk» som sokk ved kai i Hundeidvik under Dagmar-orkanen. Måndag vert det gjort dykkarundersøking av vraket.

Les også: Pumpar olje frå vraket

Lekkasjen vert ikkje vurdert som skadeleg for miljøet, melder Kystverket.

Dei følgjer situasjonen tett saman med lokale beredskapsmyndigheiter, skriv dei på sine heimesider.

Det var torsdag at flyet observerte ei 500 meter lang stripe av såkalla «blueshine» på overflata (sjå flyfoto øvst i saka).

Det er ikkje muleg å gjennomføre mekanisk opptak av denne dieselolja. Ho er svært tynn og vert raskt blanda ut i vassmassene.

Selskapet Subsea Partner AS fjerna 60.000 liter dieselolje frå vraket i desember.

Trålaren "Krasnoselsk" som sokk ved kai i Hundeidvik under Dagmar-orkanen