Laurdag ettermiddag opna samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen den 11,5 kilometer lange strekninga frå Løvikneset til Geitvika langs Austefjorden i Volda.

SAMFERDSLESMINISTER: Ketil Solvik-Olsen hadde æra av å klippe snora. Til høgre for han er Arild Iversen, ordførar i Volda. Foto: Knut Arne Aarset

Bygger lokalsamfunn

- Eg hadde gleda av å køyre denne vegen som første sivilist i januar. Det er kjekt å kome tilbake å sjå kor mykje som har skjedd sidan då. Og vi bygger ikkje berre veg. Vi bygger lokalsamfunn, sa Solvik-Olsen i talen sin. Dermed er den 36 kilometer strekninga mellom Volda og Grodås i Hornindal endeleg ferdig. Kvivsvegen blir ikkje lenger øydelagt av vegarbeid og nedsett fart.

Utfordrande byggeprosjekt

- Vegen er bygd i vanskeleg terreng, og det har vore ei stor utfordring å bygge han, sa prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen.

Til vegen har det mellom anna gått med: