Selskapet har ifølgje avisa Fjordingen tidlegare orientert Stryn kommune om at dei ville kome til å søkje. No er tilbodet levert Utlendingsdirektoratet.

Den prekære flyktningsituasjonen gjer at det er behov for 7.500 mottaksplassar i landet. 1.500 av plassane vil kome i region vest, som Stryn er ein del av.

Mottakskoordinator Jon Anders Martinussen i Norsk Mottaksdrift AS opplyser til Fjordingen at all bygningsmasse ikkje er klar i Stryn. Dei har fått intensjonsavtaler på plass, men har likevel behov for fleire hus og leilegheiter.

Selskapet er interesserte i husvære både i Stryn sentrum og i andre deler av kommunen. Om selskapet blir tildelt kontrakt, kan mottaket kome i drift før jul.