Frå fredag kveld 19. april kan ein igjen køyre gjennom Posthuskrysset og Korsegata. Gata har fått ei betydeleg oppgradering i samband med bygging av kollektivknutepunktet.

Krysset opna klokka 18.30 fredag kveld. Foto: Webkamera Pir vest

– Dette er eit stort løft for sentrum. Vi har høyrt frå folk som har gått forbi mens vi har jobba her, at mange er einige i at dette har blitt bra, seier tre av dei ansvarlege for arbeidet, rett etter at dei opna krysset for trafikk fredag kveld; Thomas Istad og Frode Haukeberg i Aco Anlegg, og Jan Stian Tafjord frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei kallar kvelden for ein milepæl:

– No går vi inn i neste og siste fase i prosjektet, seier Tafjord.

– Er det noko trafikantane må vere obs når krysset no er opna?

– Ja, alle må vere obs på at køyremønsteret no er endra igjen. Så køyr forsiktig!

Området har vore stengt sidan november, og trafikken langs Rutebilstasjonen har gått via ein mellombels veg sør for Posthuskrysset. Frå om lag kl. 21.00 fredag kveld vil ein kunne køyre i Posthuskrysset og Korsegata, meldte fylkeskommunen på førehand i ei pressemelding.

Innkøyringa til Keiser Wilhelms gate frå Posthuskrysset vil vere stengt fram til opninga av kollektivknutepunktet i november, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.

Klokka 18.30 blei sperringar flytta og trafikken slusa inn gjennom krysset. Det pågår framleis rydding ved krysset, og lysreguleringa er ikkje helt klar.

Foto: Staale Wattø
Foto: MR FYLKE