Frå oktober til november viste tala ein auke på 0,8 prosent.

– Desember har som regel vore ein nedgangsmånad for detaljhandelen dei siste åra. Det er fordi stadig meir av julehandelen blir lagt til november, når det er tilbodskampanjar som Black Friday og Black Week, seier seniorrådgivar Anders Falla Aas i SSB.

Han peikar også på mindre kjøpekraft på grunn av høgare prisar og lånerenter som ei viktig årsak til nedgangen i desember.

Nedgangen gjaldt i dei fleste næringane i detaljhandelen. Verst gjekk det ut over elektronikkbutikkar og daglegvarebutikkar.