Det er fleirtal på Stortinget for å skrote regjeringa sine planar om å tvinge migrenepasientar til å ta ein pause i bruken av kostbar medisin, skriv NRK.

– Det er ei veldig lette å få vite dette. Det gjer at me kjenner oss meir trudde på og får forståing for dei plagene me slit med dagleg, fortel Marie Espeskog til NRK.

– Kjenner ei stor glede

Både Espeskog og mange andre migrenepasientar vart sjokkerte då helsestyresmaktene føreslo ein pause i behandlinga mange fekk mot sjukdommen.

Sunnmørsposten skreiv nyleg om Kristin Herje Nørve som fekk ein ny kvardag med migrenemedisin.

– Dette er absolutt eit steg i riktig retning, seier Herje Nørve, som vil vente med å sleppe jubelen heilt laus før saka er endeleg vedtatt. Ho fortel at ho i verste fall hadde blitt sjukmeldt og ikkje hadde klart å stå i jobben om ho måtte gjennom pause i behandlinga.

Det tar lang tid å kome seg tilbake til kvardagen utan medisin, ifølgje Nørve.

– For å halde migrene i sjakk må ein ha riktig søvn, kosthald og fysisk aktivitet. Det tek lang tid å bygge seg opp igjen, og det var ein slik pause i behandlinga eg frykta så sterkt. For min del var det snakk om ein pause i desember neste år.

No er det altså fleirtal på Stortinget for å skrote medisin-pausen, og Kristin Herje Nørve seier ho ser fram til 10. november.

– Når noko er så viktig, så klarar ein ikkje å puste heilt ut før det er hogd i stein, men eg kjenner ei stor glede rundt å sleppe angsten for å bli tatt av medisin, seier ho til Sunnmørsposten.

Eit fleirtal i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget har bede departementet gjere om på regelverket.

– Me kan ikkje utsetje migrenepasientar for at dei skal leve med den uvissa og kanskje dei smertene det medfører å måtte ha pause i medisinen. Det meiner me bryt med dei grunnleggjande rettane til pasienten, seier Tone Wilhelmsen Trøen (H), som er leiar av helsekomiteen på Stortinget.

Rundt 100.000 personar lid av kronisk migrene i Norge. Av desse får om lag 10.000 ein medisin med CGRP-hemmarar på blå resept. Dette er ein kostbar medisin som regjeringa bruker over 350 millionar kroner på i året.

Helsestyresmaktene ønskte at dei som går på denne medisinen skulle ha ein behandlingspause på tre månader kvart tredje år for å sjekke om pasientane oppfylte krava til å framleis få medisinen.

– Vi veit at migrene er ein sjukdom som, for mange, går over av seg sjølv. Om ein er på medisinar konstant, så vil ein ikkje finne ut om det har gått over. Så det er fornuftig å gjere ein behandlingspause iblant, seier statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) til NRK.