Eit vogntog og to personbilar var involvert i eit trafikkuhell på E39 i Volda kommune fredag ettermiddag.

To personar vart sendt til legevakt, men skal ifølge politiet vere lettare skadde.

Det var litt kø etter at ulykka skjedde, men alle køyretøy blei tatt ut av vegbanen og trafikken gjekk relativt raskt som normalt igjen.

Ifølge politiet kan det sjå ut som ulykka skuldast påkøyrsel bakfrå.

Politiet fekk melding klokka 16.28 fredag.

Ulykka har skjedd her:

Les fleire saker frå Sunnmørsposten: