– Her er rykande ferske bilde frå turområdet i Stordal. Vi ser at det framleis er gode snøforhold og strålande sol. Bilda er tatt i Jolbotn på veg mot Kleiva. Dette er ein av mange skiturar ein kan ta innanfor det vidstrakte løypenettet som Stordal fjellservice held i god stand - ikkje berre no ved påsketide - men elles også i skisesongen, skriv Kristian Almås.
Når ein er på Kleiva, har ein god usikt nedover mot Tresfjorden.
Har du fine turbilde? Send til oss på tips@smp.no