Bama planlegg å selje rundt 7,6 millionar korger norske jordbær denne sesongen. Dei første bæra er allereie å finne i butikkar visse stadar i landet.

– Årets sesong er litt forsinka på grunn av ein kald vår, men det er desto meir gledeleg at vi forventar å kunne tilby norske jordbær heilt fram til midten av oktober, og ikkje minst i gode volum, seier kommunikasjonsdirektør i Bama, Pia Gulbrandsen, i ei pressemelding.

Fruktprodusenten kjem til å selje fleire typar jordbær, nokre av dei i betydelege mengder. Det bidreg til å forlenge den norske jordbærsesongen.

Dei største voluma vil vere å sjå i butikkane mot slutten av juni, og ved starten av juli vil det vere full dekning i heile landet, heiter det i pressemeldinga frå Bama.

(©NPK)