Dette er den unisone meldinga frå ei blokk politikarar frå Volda og Eid. Dei samlast på Greivsneset i Volda onsdag morgon for å peike over fjorden i lag.

– Der skal brua kome, orienterte Volda-ordførarkandidat og brupådrivar nummer ein, Odd A. Folkestad (Frp). Kommunestyret i Volda har nyleg vedteke å be formannskapet starte arbeidet med å etablere eit eige bruselskap. Ordninga med ferjeavløysingsmidlar er det store håpet for brupolitikarane frå begge sider av fylkesgrensa.

– Vi veit ikkje dei teknologiske løysingane enno. Men vi veit at vi må vere visjonære og på hogget, skal vi kome med i køen for realisering av bru, sa Volda-ordførar Arild Iversen.