Direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal var torsdag i møte med ei rekkje tilsette ved Volda sjukehus. Fordelt på ikkje mindre enn tre ulike møte, møtte direktøren alt frå dei skarpaste skalpellførarane ved kirurgisk avdeling, til kring 30 tillitsvalde frå alle avdelingar i organisasjonen.

Ein organisasjon det har storma i - og  rundt – etter helseminister Bent Høie (H) si framlegging av Nasjonal helseplan nyleg. Der er akuttkirurgien ved fem lokalsjukehus – Volda inkludert - sett i spel.TillitDirektør Espen Remme er ein god retorikar. Eller han har eit godt lag med sine tilsette i alle lag av organsisajonen. I alle fall var det god stemning i kjellarkorridoren etter eit  langt møte med over 30 tillitsvalde. Ein av dei er sjukelpleiar Anette Lekve. – Korleis opplevde du møtet? – Eg fekk eit solid og godt inntrykk av føretaksleiinga og deira opplegg. Eg trur på direktøren sine forsikringar om at vi skal ha ei god og involverande prosess i det som skal skje i tida framover, seier Lekve.Ho er også dei tilsette sin vararepresentant i styret i Helse Møre og Romsdal.HøyringOg prosessen, den består i å greie ut og blinke ut den beste modellen for vidare samarbeid og funksjon innad i systemet. I praksis vil dette seie funksjonen mellom Ålesund sjukehus og Volda sjukehus. – Vi tek på alvor det mandatet vi har fått. Vi går inn i prosessen med opne auge og ope sinn. Vi satsar på ein særs grundig fagleg høyringsprosess før vi kjem med vår innstilling. Også kommunane skal høyrast, seier Espen Remme til Sunnmørsposten.Kan ikkje kutte akuttDenne prosessen går uavhengig av den politikken og dei avgjerdene helseminister Bent Høie måtte føre, fram  til avgjerda om nasjonal helseplan og sjukehusstruktur - i Stortinget kring påsketider 2016.  – Eg skjønar veldig godt det engasjementet og dei følelsane som vert sette i sving når folk føler tilboda ved eit lokalsjukehus truga. Men eg må også få minne om helseforetakslova paragraf 30, som  seier at ingen større funksjonsendringar kan gjerast av andre enn departementet og ministeren, seier Remme. Til dømes kan ikkje helsefortaket sjølv vedta å kutte akuttkirurgien ved eit sjukehus.Kommenterer ikkje EskelandSjukehusdirektør Espen Remme ønskjer ikkje å kommentere saka til overlege Inge Eskeland, som valde å avstå frå avskjedsmiddag og gåve frå helseføretaket sist onsdag, i ein personleg protest mot det han oppfattar som Bent Høie sin  sentraliseringspolitikk i sjukehus-Norge.  – Men eg kan altså forsikre om at alle skal verte høyrde i vår del av prosessen framover. Vi skal han ein breiast muleg dialog - på tvers av grensene mellom Volda og Ålesund. Det er eg sikker på vil kome noko godt ut av for pasientane, seier Espen Remme. Også ass. direktør Helge Ristesund  og fagsjef Odd Veddeng var med på møta i Volda.

foto