Padleforbodet skal gjelde i elvar som alt er infiserte, og skal opphevast når elva er friskmeld. Håpet er å minske risikoen for smitte som kan gje farleg laksesjukdom.

– Uorganisert elvepadling er ein ny og svært populær aktivitet, også for mange utanlandske turistar. Lakseparasitten Gyrodactylus salaris kan overleve i vatn på kajakken, og kan smitte friske elvar, seier Charles Tøsse.

Øydelegg elvar

Han meiner det er svært viktig å redusere smittefaren, også elvar som tidlegare har vore rotenonbehandla og blitt friskmelde.

Det har kosta hundrevis av millionar å reinse elvar med rotenon. Skrekkscenariet er at smitten skal kome tilbake eller spreie seg.

Mattilsynet har hatt på høyring eit framlegg om å endre forskrifta mot lakseparasitten. Tøsse meiner Mattilsynet går i feil retning. Framlegget hans om forbod vart samrøystes vedteke i Regional- og næringsutvalet og Fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Vil informere

Rune Tjøsvoll i Mattilsynet opplyser at dei prøver å få til eit samarbeid med padleforbundet om informasjon og utstyr for å desinfisere mot smitte. Dei får eit klistremerke som dokumentasjon.

Det er ikkje godt nok, meiner Tøsse.

– Slike klistremerke kan lett slitast av. Det er enklare å handheve eit forbod. Dei fleste elvane vil likevel vere opne for padling, seier han.

Martin Binde som er veterinær og ekspert på fiskehelse i Mattilsynet, seier det fagleg sett er gode grunnar for forbod, men at dei i staden satsar på informasjon.

Vanskeleg å handheve

– Aktiviteten er stor i mange vassdrag. Eit forbod vert vanskeleg å handheve, og få utanlandske padlarar les norsk regelverk. Vi veit òg det er eit moment at det blir ein del inntekter av desse padlarane, seier Binde.

Han lovar at Mattilsynet skal lese alle innspel grundig, og veit at saka engasjerer, blant anna etter tre spørsmål i Stortinget.

– Ingen ønskjer å smitte elvane. Vi meiner det er lett å motverke smitte ved å følgje enkle metodar for å desinfisere båtar og utstyr, seier Binde.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

<strong>Ordførar:</strong> Det er umogeleg å stole på ei ordning med klistremerke, meiner ordførar Charles Tøsse i Stordal.