Lena Landsverk Sande kjenner kabalen med stillingsprosentar både som rektor og som fembarnsmor. Men same kva side av bordet ho sit på, seier ho at det er best for arbeidslivet med fulltidsstillingar. Og det sjølv om ho akkurat no jobbar i 80 prosent stilling sjølv.

– Eg valde deltid, for eg vil vere meir i lag med barna, men eg skal tilbake til hundre prosent til hausten. Når eg er mykje fråverande frå jobben, så vert det eit frustrert kollegium.

Nordvestlandet ligg over landsgjennomsnittet. Fleire kvinner i nordvest har deltidsarbeid enn andre stader i Norge. Av dei 25 kommunane i Sunnmørspostens nedslagsfelt er det berre tre kommunar som har færre deltidskvinner landssnittet: Ålesund, Stranda og Sykkylven.

I den interaktive tabellen ser du kva for kommunar på Nordvestlandet som har flest (blåast) deltidsansette kvinner, og kven som har færrast (lyseblå). Sjekk din kommune!

Meir stabilt

Landsverk Sande seier at lærarar som jobbar fulltid har ei anna tilgjengelegheit og tyngde hos elevflokken.

– Og det same kan ein sjå på institusjonar. Dess fleire personar som må innom, dess mindre trygt opplever mange opphaldet. Ho peikar også på at det med deltidstilsette vil ta lenger tid med opplæring og vere vanskelegare med informasjonsflyt.

– Det vert lettare for at det er informasjon som glepp.

Lena Landsverk Sande har også lang fartstid som politikar, og kjenner også slik diskusjonen om heltids- og deltidsstillingar. Ho forstår at enkelte kan kome til å jobbe deltid, for å få færre helgavaktar.

– Men når nokon jobbar færre helgavakter, må andre jobbe i staden. Det betyr fleire folk, og det er ikkje sikkert det er like enkelt å få tak i kvalifiserte folk.

Les meir om Landsverk Sande og reaksjonane på LO-leiar Gerd Kristiansen sitt utspel i Sunnmørsposten: Her kan du kjøpe avisa digitalt

Rysta over LO-uttaler

Norsk sykepleierforbund er sterkt kritisk til LO-leiaren sine uttaler om kvinner og deltidsarbeid.

I eit intervju med Aftenposten kom LO-leiar Gerd Kristiansen med fleire synspunkt som leiinga i Norsk Sykepleierforbund ikkje er einige i.

– Det vi er einige om er at vi må jobbe for å få fleire i heiltidsjobb. Men som organisasjon er vi rysta og kritisk til måten LO-leiaren uttaler seg på, seier Solveig Kopperstad Bratseth som er nestleiar i Norsk Sykepleierforbund.

Les også: LO-lederen: – Kvinner gjemmer seg bak morsrollen

Dramatisk

LO-leiaren meiner at kvinner gøymer seg bak morsrolla og vel deltid.

– Det er dramatisk for ein fagforeiningsleiar å legge ansvaret for dette på kvar enkelt kvinne. LO-leiaren skal verne om arbeidsforholda til den enkelte, men her kritiserer ho den enkelte, seier Bratseth.

Ho meiner ein må jobbe for at fleire får heiltidsstillingar.

– Noko av det første arbeidsgivarane må ta tak i er å lyse ut fleire heiltidsstillingar, seier ho og viser til at når ein ser på stillingsannonsane er det svært få heile stillingar som er lyste ut.

Yngre

Bratseth understrekar også at ein har ei arbeidsmiljølov som gir foreldre rett til å jobbe deltid med små barn.

– Det er vel også slik at nokre kvinner ønskjer å jobbe deltid?

– Ja, nokre gjer det, men vi ser at yngre kvinner som har teke ei lang utdanning, ønskjer å jobbe heiltid. Dei har gjerne studiegjeld, skal etablere seg og har familie å syte for. Dei må jobbe, men få av dei får tilbod om fulltidsjobb, seier Bratseth og legg til at dette gjeld både i vikariat og faste stillingar.

Ho viser også til at nyutdanna treng å jobbe fulltid for å kome inn i yrket og bli trygge i arbeidet.

Helgejobbing

Bratseth er også kritisk til at Gerd Kristiansen tek til orde for at tilsette må kunne jobbe annakvar helg.

– Vi er i ein sektor med enormt behov for rekruttering. I dag jobbar ein tredje kvar helg, påske, pinse og jul, natt og dag. Vi har det høgste sjukefråværet. Og då er det ikkje rett å seie at ein kan jobbe anna kvar helg og løyse alle problem, seier Bratseth.

Ho trekkjer også fram at det i samfunnet elles er blitt vanleg med såkalla ovale helgar. Det vil seie at ein jobbar inn tidleg i veka og tek fri fredagen.

Har LO-leiaren rett? Sei di meining i kommentarfeltet!

Lena Landsverk Sande er rektor på Åheim skule. Ho seier folk har ulike motiv for å vere heime og ikkje jobbe fullt, men ho sjølv ønskjer å arbeide i full stilling. Foto: Torill Myren
Lena Landsverk Sande med mann og alle dei fem like etter at familien hadde vorte ein familie på sju. Foto: Privat
Solveig Kopperstad Bratseth frå Herøy er sterkt kritisk til LO-leiarens påstand.