Det melder Sykkylvsbladet.

Det er ikkje berre tvungen vatn- og kloakktilnyting som skapar reaksjonar i Sykkylven.

No viser det seg at Nærings- og utviklingsutvalet i kommunen i sommar vedtok ei eingongs vegavgift i Fjellsætra-området.

Joar Ekornes i Mørelaft AS stiller seg undrande til at kommune har heimel til å krevje inn 50.000 kroner i ei slik vegavgift frå nye hytteeigarar.

– Det kan ikkje vere rettferdig at berre nye hytteeigarar skal betale, seier Ekornes til avisa.

Sjølv meiner han at offentlege vegar skal betalast over skattesetelen.

– Kva med alle dei andre etablerte hytteeigarane? Kva med dei som bur i Fausadalen i Stranda kommune? Dei har ikkje innført denne merkverdige avgifta. Og kva med alle andre som gjer seg nytte av området? spør Joar Ekornes.