Petter Sverre Synnestvedt Korsedal er 37 år gammal. Inne i kroppen har han sine to eigne nyrer, som ikkje fungerer som dei skal. I tillegg har han fått operert inn ei ny nyre, frå ein død donor.

– Det tok ikkje lang tid etter transplantasjonen før eg merka at kroppen min var heilt annleis – alt fungerte så mykje, mykje betre, fortel han.

Sjeldan liding

Ønskjer at fleire blir donorar: Petter Sverre Synnestvedt Korsedal (t.v.) og Steinar Jonsson Nørevartdal har begge fått nytt liv etter organtransplantasjon. Det blir stadig fleire som treng nye organ, og stadig færre donorar – så dei to karane oppmodar folk om å registrere seg som donorar.

Det var i 2007 at det vart oppdaga at det var noko gale med nyrene til Korsedal, som bur på Liadal i Ørsta med kone og to hundar. Han har ei sjeldan nyreliding som heiter fokal segmentell glomerulosklerose. Lenge fungerte det bra å halde sjukdomen i sjakk med tablettar, men Korsedal vart informert om at han etter kvart ville få behov for dialysebehandling og nyretransplantasjon.

I 2011 måtte Korsedal til med dialyse. Først fire timar tre gonger i veka, men etter eit halvår var det nødvendig å reinse blodet i opptil fem timar kvar gong han vart kopla til dialysemaskinen. Våren 2013 hamna han på den såkalla Scandia-lista for nyretransplantasjon, og i september same år kom telefonen frå Rikshospitalet om at ei nyre som passa han var klar – det var berre å setje seg på første fly.

Dyrebar gåve

– Mottoet mitt var heile tida at sjukdomen ikkje skulle få ta over livet mitt, men det er klart at både sjukdomen og dialysebehandlinga var ei stor belastning for kroppen, seier Korsedal.

Han er svært takksam for å ha vorte donert eit organ frå ein heilt ukjend person.

– Det er den mest dyrebare gåva eg nokon gong har fått. Eg har fått eit nytt liv, seier Petter Sverre S. Korsedal, som har engasjert seg og vorte studieleiar i Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte (LNT) i Møre og Romsdal.

Dramatisk auke

LNT ser no ei ikkje ønskt utvikling der ventelista for transplantasjon aukar dramatisk, samtidig som tilgangen på organ ikkje aukar tilsvarande.

– Hittil i år har 11 personar døydd på venteliste for ny nyre her i landet. Det er 11 for mange. Ein kar som var litt yngre enn meg, vi stod i organkø samtidig, han er død no. Eg trur ikkje folk er klar over at dei kan redde liv om dei registrerer seg som organdonor. Mange veit nok heller ikkje korleis ein gjer det, seier Korsedal.

Gjennom LNT har han vorte kjend med Steinar Jonsson Nørevartdal (55) frå Vartdal i Ørsta. Han fekk ny lever sommaren 2012. Nørevartdal har diagnosen kronisk aktiv hepatitt, og fekk påvist skrumplever – trass i at han har vore avhaldsmann heile sitt liv.

– Eg var mykje sjuk og gjekk på sterke medisinar. Til slutt vart eg så elendig at eg vart flogen i ambulansefly til Rikshospitalet. Medan eg var i Oslo gjekk kroppen min i såkalla leverkoma, og eg rykte opp til toppen av ventelista for transplantasjon, fortel familiefaren.

Glad for livet

Nørevartdal var svært dårleg i tida etter transplantasjonen, og han slit framleis med helsa. Han var tidlegare bonde, og trudde lenge han kunne klare å kome seg tilbake i jobb.

– Eg har innsett at eg aldri blir som eg var før eg vart sjuk. Men ein ting er sikkert, utan den nye levra hadde eg vore stein daud. Eg er utruleg glad over å ha livet, seier Nørevartdal.

Han synest det er meiningslaust at folk skal døy i transplantasjonskø.

– Ein treng uansett ikkje organa sine når ein er død – så kvifor ikkje registrere seg som donor? Og kva om det plutseleg er du eller ein av dine nære som treng eit nytt organ? Om du forventar at andre skal vere organdonor, så bør du vere det sjølv også.

nyoperert: Petter Sverre S. Korsedal på Rikshospitalet like etter nyretransplantasjonen i 2013. – Eg kjende nesten med ein gong at kroppen min fungerte mykje betre, fortel han. foto: Privat Foto: Privat foto
i form: Petter Korsedal held seg i form med å gå tur med hundane sine. – Eg gjekk turar då eg var sjuk også, men kroppen min fungerer svært mykje betre etter transplantasjonen. Privat foto. Foto: Hild Nordal