Mykje folk var innom annekset til gamle Yris hotell på galleriet sin opningsdag.

- Det har vore ein hektisk, men veldig artig dag. Mykje kunstinteresserte folk har vore innom dørene for å sjå både måleri og glaskunst.

Bak Galleri Eikås står systrene Jertrud og Anny Eikås, opphavleg frå Kjølsdalen, og målarvenninna Åse Berge.

- Åse og eg bur i Bergen, men vil stadig kome oppom. Galleriet er ope torsdagar, fredagar og laurdagar, og det er Anny som til vanleg skal bestyre galleriet. Det er ikkje berre, berre å starte galleri. Det har vore mykje jobb, men når ein ser dette i dag er det ei stor belønning, seier Jertrud.

Galleri Eikås inviterte til opning med sveler og ballongar.

Utfyller kvarandre

- Her er litt for ein kvar smak. Forutan mine og Åse sine bilder i akryl på lerret, har Anny mest akvarellar. I tillegg har vi kunstglas, keramikk, tova labbar og luer, tekstilbilde og kunstkort. Vi har også litt smykker i fusing, fortel Jertrud.

Ho er ikkje redd for å vere i konkurranse med det etablerte galleriet i Gamlebanken.

- Kultur avlar kultur, og eg trur vi utfyller kvarandre. I Bergen litt fire-fem galleri etter kvarandre, og folk stikk innom alle. Smaken er ulik. Vi har tru på at fleire galleri også her i Eid vil avle endå meir, fastslår Jertrud.

Ho har gledd seg til opningsdagen i lang tid, og sov heller ikkje særleg før opningsdagen laurdag.

- Dette har vi sett fram til lenge. Vi veit sjølvsagt ikkje korleis det vil gå, og vil ta ei evaluering i juli-august. Om galleriet ikkje er populært nok er det berre å pakke saman, men vi stiller med ope sinn og satsar, seier ho.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Galleri Eikås opna dørene på Nordfjordeid laurdag. F.v. Jertrud Eikås Eide, Åse Berge og Anny Eikås, som i lang tid hadde gledd seg til opningsdagen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes