Herøyspelet Kongens Ring har to nye, kjende namn på rollelista i år. Skodespelarekteparet Anette Hoff og Nils Ole Oftebro skal kle rollene som Kjerring Bråte og Ragnar Herøyhovding.

– Vi er svært stolte over å ha fått med oss ekteparet, som begge er store skodespelarar, seier dagleg leiar for Herøyspelet, Linn Therese Sævik (23).

Natur

Ho fortel at Hoff og Oftebro vart freista av spelet, av naturen på Sunnmøre og av at dei kunne ta på seg oppdraget saman. Mange kjenner nok Anette Hoff frå rolla som Juni Anker Hansen i tv-serien Hotel Cæsar. Nils Ole Oftebro har spelt i ei rekkje filmar, og har hatt fleire programleiarjobbar på tv.

Fager

Skodespelar Agnes Kittelsen har hatt rolla som Unn den Fagre tre gonger tidlegare, sist gong i 2010. Kittelsen er m.a. kjend for si tolking av rolla som Tikken Manus i suksessfilmen «Max Manus».

– Kittelsen er svært begeistra for naturen her, og ho synest det har vore spennande å vere med i Herøyspelet – difor ville ho gjerne tilbake, forklarer Linn Therese Sævik.

Får lønn

I tillegg til dei tre største rollene, er det fem andre skodespelarar på Herøyspelet si lønningsliste: Hedvig Garshol spelar Inga, Jon Bleiklie Devik har rolla som Møre-Karl, Frode Bjorøy er Ingolv Ynda, Håkon Ramstad spelar kongen, medan Bjørn Holum er forteljar – slik han har vore i alle år.

Regissør Gerald Pettersen har også vore med sidan starten, og i år regisserer han Herøyspelet for 21. gong. Pettersen, opphavleg frå Herøy, er til dagleg skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen.

Ny vri

– Historia i Herøyspelet er den same gamle, men med to nye skodespelarar er det klart spelet vil forandre seg, seier Linn Therese Sævik.

Ho tok til i jobben som dagleg leiar i oktober i fjor, og var litt redd for at frivillige og statistar kunne ta til å verte leie av Herøyspelet etter 20 år.

– Men nei då, folk er positive og velvillige som aldri før. Vi treng 350–400 personar for å få arrangementet opp og gå – og det var ikkje noko problem å få til i år heller, fortel Sævik.

Økumenisk

Herøyspelet har kvart år 2300–2500 publikummarar fordelt på fire framsyningar. Sentralt i Herøyspelhelga 30. juni – 1. juli står ei økumenisk gudsteneste på søndagen. Den skal haldast ute på den opphavlege kyrkjestaden på Herøy Gard. Menneske frå ulike kyrkjesamfunn, Herøykoret og fleire, tek del.

HOVUDROLLE. Agnes Kittelsen er begeistra for naturen i Herøy, og har i år rolla som Unn den Fagre i Herøyspelet for fjerde gong. Arkivfoto: andré Pedersen
PAR. Ekteparet Nils Ole Oftebro og Anette Hoff har blant anna spelt saman i såpeserien Hotel Cæsar på TV2. Foto: Hotel Cæsar