- Du er rett og slett ein heiderskar som fortener denne prisen, safylkesordførar John Aasen då han overrekte prisen på 35.000 kroner ogdiplom til denne kulturens altmoglegmann. Jostein Fet har ikkje berrestått i spissen for innsamlinga av meir enn tjue tusen slåttar frå Møre ogRomsdal, ei samling som nå har auka til over tretti tusen. Han har oggjort banebrytande arbeid med å skildre lese og skrivekunst mellom bøndenegjennom verka "Lesande bønder" og "Skrivande bønder" som kom ut i 1995 og2003.Et banebrytande arbeid - Det er eit banebrytande arbeid du har utført og både folket her i Møreog Romsdal og elles i landet, har grunn til å takke deg for dettearbeidet, sa leiaren i fylkeskulturutvalet, Frøydis Austigard, då hobegrunna tildelinga i fylkestinget i går. Ho sa at både bøkene og dei meirenn tjue tusen folkemusikkstykka vitner om ein mann som har hatt det særstravelt dei siste åra og at 2004 må ha vore eit spesielt år. Tidlegare iår blei Jostein Fet tildelt Kongens Fortjenestemedalje i gull, eit annateikn på at det er mange som sett pris på det enorme arbeidet han harutført.Ein aktiv skulemannAv utdanning er Jostein Fet cand. philol. og han tilbrakte sine aktiveskuleår ved Telemark landsgymnas, Volda lærarskule og ved Møre og Romsdaldistriktshøgskule. Bøkene "Lesande bønder" og "Skrivande bønder" varresultatet av meir enn tjue år med gransking av den munnlege og denskriflege allmogekulturen, eit arbeid som mellom fagfolk blir sett på sombanebrytande. Under prisutdelinga i fylkestinget i går fortalte han atmusikken tidleg kom inn i livet hans, og dei elleve siste åra har hanaltså nytta til å samle inn ein kulturskatt som nesten var i ferd med åforsvinne.