(Møre-Nytt) Den dramatiske hendinga skjedde litt etter klokka 20 laurdag kveld. Øystein Nyhammer ( 16) hadde tatt med sommargjest og søskenbarn Amund Nyhammer (18) til Rotevatnet for å bade. På ei strand like ved golfbana i Vassbotnen såg det tre eldre personar.

– Den eine av dei bada, og dei to andre stod på land. Vi gjekk forbi, dei, men etter ei lita stund såg Amund at ho som bada låg med hovudet undet vatn, og med ryggen opp, forel Øystein Nyhammer.

Dei to gutane sprang bort.

– Dei to som stod på land ropte på kvinna, men dei var sjølve ikkje i stand til å gå ut i vatnet. Vi tenkte at vi berre måtte hoppe ut i, fortel Amund og Øystein Nyhammer.

Dei fortel at dei måtte symje eit lite stykkje ut.

– Vi fekk tak i henne, snudde henne, og drog henne i land.

Kvinna , som er i 70-åra i følge politiet, var bevisstlaus. Dei som stod på land hadde ringt naudetatane, og via telefonen fekk Amund Nyhammer beskjed om korleis han skulle utføre hjarte- lunge- redning.

– Må så kom ein mann som kunne dette betre enn meg, og han tok over. Det var tydeleg at han visste kva han skulle gjere, fortel Amund Nyhammer.

Då ambulansen kom køyrde den forbi ulykkesstaden.

– Så vi måtte springe opp i vegen for å forklare kvar dei skulle køyre ned, fortel Øystein og Amund Nyhammer.

Kvinna vart frakta med helikopter til sjukehuset i Ålesund.

Politiet har lagt ut denne meldinga: "Bevisstlaus kvinne redda ut av Rotevatnet. Sivile sette i verk og startet med hjarte-lungeredning. Naudtetane til staden. Helsepersonell heldt fram med livreddande tiltak. Kvinna ved bevisstheit og frakta i luftambulanse til Ålesund sjukehus."

Sjukehuset har ikkje gitt opplysingar om tilstanden til kvinna søndag.

– Redningsfolka fortalde oss at dei hadde hatt kontakt med kvinna før ho vart sendt med helikopteret. Men dei sa også at det var kritisk. Vi får berre håpe at det går bra med henne.

Dei to trur at kvinna har fått eit illebefinnande når ho bada. Og dei har etter alt å dømme gjort ein avgjerande innsats for å berge henne.

– Vi veit ikkje korleis det har gått, men håper vi har klart å hindre eit dødsfall, seier Øystein og Amund Nyhammer

Dette er tredje sommar på rad at det har vore alvorlege drukingsulykker i Rotevatnet. I fjor miste ein ung mann livet. I 2016 vakna ein annan opp etter fleire dagar i koma.

Dei to ulykkene i 2017 og 2016 skjedde på Årneset i andre enden av Rotevatnet.

Denne saka vart først publisert i Møre-Nytt.