I ei orientering på kommunestyremøtet torsdag informerte Amdam om at symjehallen i Volda syng på siste verset.

– Vi kan klare å halde det gåande i to-tre år til slik den er no. Skal ein forlenge perioden med ti år, så vil det måtte investerast 20 millionar. I tillegg vert det 20 millionar i driftskostnader, seier Amdam til smp.no.

Det var avisa Møre som først skreiv om saka.

Jørgen Amdam, ordførar i Volda for Arbeiderpartiet. Foto: Terje Engås

Konsulentar har sett nærare på totalrenovering av hallen, og har kome fram til at det vil dei fraråde.

– Dette er sopass nytt at vi veit ikkje alle detaljar. Dette var ei orientering om at vi vil få ei utfordring snart. I Volda sentrum er det 900 elevar som skal ha symjeundervisning. Ein mogelegheit er at kommunen går inn i Volda Campus Arena med eit øvingsbasseng på 25 meter, ikkje eit konkurransebasseng, seier Amdam.

– Eg må presisere at dette er nye opplysningar. Vi må vente på den endelege rapporten ifrå Statsbygg, og så er det klart at vi må handle raskt, seier ordføraren.

Meiningslaust

Anne-Britt Aambø Hallaråker, symjeskuleansvarleg i Volda. Foto: privat

Etter at det vart kjend at symjehallen syng på siste verset, har fleire ytra seg negativt på sosiale medier. Anne-Britt Aambø Hallaråker, symjeskuleansvarleg i Volda, er sterkt uroa.

– Det er meiningslaust å ikkje bygge eit anlegg der man ikkje har opplæringsbasseng i tillegg til eit godkjent konkurransebasseng. Dei som driv med konkurransesymjing må ha eit kaldt basseng, medan dei som skal lære seg å symje må ha eit varmt basseng. Bassenget som er i dag har vore eit godt basseng for konkurransesymjarane, men for dei som skal lære seg å symje så har det vore for djupt og kaldt, seier ho.

Symjegruppa til Vti driv med ei lang rekke symjekurs, ifrå småbarn til minoritetar og opp til vaksne. Denne sesongen har dei 500 som deltek på kurs og symjeaktivitetar.

Aambø Hallaråker meiner det står dårleg til med symjeferdigheitene hos mange barn. Og det er kommunen som skuleeigar er ansvarleg for at barn får symjeopplæring.

Ferdigheiter

Aambø Hallaråker meiner eit nytt øvingsbasseng ikkje gir nok kapasitet i Volda til å kunne gi gode nok symjeferdigheiter til alle.

– Det er klart det er pressa økonomi i kommunen, med å bygge ein hall i hastverk kan verte veldig uheldig. Vi vil drive med opplæring ifrå lågaste til eit høgt nivå. Ein bør også legge til rette for folkehelse og idretten. Alle veit at det kostar mykje med eit nytt anlegg, det er store investeringar, men rundt ein tredel vil kunne betalast med tippemidlar om dei vel å byggje konkurransebasseng også, seier Aambø Hallaråker.