Med hjelp frå ein kamerat skulle mannen krevje pengar for bilen frå forsikringsselskapet sitt. Kameraten skulle til gjengjeld få utbetalt ti prosent av forsikringssummen.

Forsikringsselskapet verdsett bilen til 88. 000 kroner. Retten vurderte difor bedrageriet til å vere av ein «betydeleg sum». Mannen nekta tidleg på at han var skulding i tiltalelsen. Det var først i seinare politiavhøyr at mannen tilstod svindelen.

Retten fann ikkje grunnlag til å dømme tiltalte mildare. Retten vektla at brotsverket hadde vore planlagt av dei to mennene. Sidan mannen i seinare avhøyr tilstod ugjerninga fekk han dommen noko redusert. Likevel avgjorde retten å gje mannen fengselsdom utan atterhald.

Nordfjordingen blei difor dømt til 60 dagars fengsel.

Mannen har betalt tilbake kravet han fekk frå forsikringsselskapet sitt.