Det er blitt nokre år sidan Gunnhild Øyehaug sjølv var ungdomsskuleelev i Ørsta. No er ho forfattar og festspeldiktar for Dei nynorske festspela og skal inspirere åttandeklassingane i Ørsta og Volda til skriving og lesing.

I møtet med elevane legg ho vekt på at god fantasi er viktig. Dei får også tips om korleis dei kan utvikle fantasien.

– For å utvikle fantasien må de gi han mat. De må lese og sjå film, oppmodar Øyehaug og gjer det klart at fantasi trengst ikkje berre for forfattarar, men også for vitskapsfolk og fotballspelarar.

Bla, bla, bla

Sjølv slukte ho dei 47 bøkene i «Sagaen om Isfolket» då ho gjekk på ungdomsskulen i Ørsta, men det blei mykje det same etter kvart og ho stilte spørsmålet om det finst andre måtar å skrive på.

Då ho og broren fann ei bok med Jan Erik Vold i bokhylla heime, skjedde det noko. Essayet «Bla, bla, bla» ser ut som ein vanleg tekst, men på fem sider står det berre dei tre orda.

– Eg syntest det var fantastisk, for det var så tullete og gjorde noko som det ikkje er lov til å gjere, sa Øyehaug til elevane i timen der Sunnmørsposten var med.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Ho viste også musikkvideoar, med forteljargrep som gjer dei til noko utanom det vanlege.

Fotball og vitskap

Øyehaug fortalde at ho sjølv likte godt å skrive då ho gjekk på ungdomsskulen. Ho skreiv gjerne noveller, men så blei denne sjangeren teken vekk. I staden skulle elevane drøfte for eller mot kvalfangst, pels eller andre ting.

- Men fantasi bruker ein heile tida. Også når ein skal argumentere for eller mot kvalfangst. Og når ein spelar fotball, må ein førestelle seg korleis spelet utviklar seg, sa Øyehaug og la til at også vitskapsfolk treng fantasi. Ein må ha hatt fantasi for å tenke at jorda er rund og ikkje flat.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Øyehaug underviser i dag på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho har ikkje noko eksakt oppskrift på kva som skal til for å bli ein god forfattar. Dette må ein finne ut av undervegs, men fantasi er i alle fall viktig.

Filmaktuell

Åttandeklassingane ved Volda ungdomsskule var tydeleg interesserte. Dei lytta, stilte spørsmål og kom med kommentarar.

– Dette var eit utruleg bra føredrag. Og eg likte filmklippet ho viste, seier Pelle Thomsen etter timen med Øyehaug bak kateteret.

– Ho var flink å fortelje, og det var veldig underhaldande, seier Andreas Grønnevik Flåskjer.

Dei to åttandeklassingane trur ikkje dei har lese noko av Øyehaug før, men namnet er kjent. Og etter forfattarbesøket måndag har begge lyst til å lese debutromanen Vente, blinke. Filmen som er basert på boka har premiere om ein månad, og elevane fekk sjå ein liten smakebit - som tydeleg gav meirsmak.