Ein 25 fots lystbåt som vart stolen fra Ålesund vart i formiddag gjenfunnen i Borgundvåg i Selje. Politiet i Sogn og Fjordane hadde jakta på båten i samarbeid med politi på Sunnmøre, men det var våkne båtfolk som til slutt gjorde at tjuven vart tatt.

Fulgte etter tjuven

Det vart nemleg også gjort innbrudd i båtar i Selje, og ein av dei som hadde tjuven på besøk klarte å halde han under oppsikt då han forlot staden. Publikum holdt følge med han medan politiet var på vei, og til slutt vart han pågripen få kilometer frå hamna.

Gjerningsmannen, ein mann i 30-åra, er ein kjenning av politiet. Sogn og Fjordane politidistrikt skriv i sin logg at dei er takksame for all hjelp frå publikum i saka.