- Ein personbil med fem ungdommar i 17-årsalderen køyrde av vegen ved Stordal kirke. Bilen hamna på taket. Det vart ingen personskade på nokon av ungdommane, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 01.45 natt til fredag.

- Bilføraren, som også var 17 år, blir anmeld for å ha køyrd utan førarkort. Sønn til bileiegaren var ein av passasjerane i bilen, opplyser Amdam.

Føraren var edru, medan passasjerane ikkje var edru, opplyser politiet.

Ungdommane var frå Stordal og Ålesund.

Har du tips eller bilete i saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!