Fredag og laurdag vil over 20 basehopparar kaste seg ut frå 1246 meter høge Helsetkopen ved Hellesylt. Dei er påmelde til meisterskapen World Base Race og skal konkurrere i kven som flyg raskast.

- Deltakarane kjem frå heile verda. Det er påmelde frå både Sverige, USA, Russland, Sveits, Frankrike – og sjølvsagd Norge, fortel Ivar Brennhovd, som er ansvarleg for WBR-arrangementet på Hellesylt.

- Vi hadde tenkt å hoppe også søndag, men vêrvarslet seier at det ikkje går den dagen.

World Base Race på Hellesylt er også kvalifiseringa  til verdsmeisterskapen i Innfjorden i Rauma neste torsdag og fredag.

Deltakarane flyg i spesielle drakter, og konkurransen går ut på å vere den raskaste over i strekning som i luftlinje er på 1300 meter.

- Det skiljer så lite mellom dei beste hopparane at vi no har fått utvikla eit eige måleutstyr, ein kombinasjon av ein laser og eit filmkamera, for å kunne kåre vinnaren, forklarer Brennhovd.

Fleire av deltakarane har hoppa på Hellesylt før. For det er berre dei mest erfarne som får delta i konkurransen. Brennhovd fortel at alle må kunne dokumentere at dei for det første har 200 vanlege fallskjermhopp frå fly, deretter 80 vingedrakthopp.

Sist det var konkurranse på Hellesylt, for to år sidan, var det den 55 år gamle briten Tony Uragallo  som flaug fortast. Men han har no pensjonert seg som fjellhoppar, på lik linje med Ivar Brennhovd.

- Frode Johannessen frå Voss, men opphavleg frå Ålesund, har vunne på Hellesylt to gonger før. Han er skikkeleg gira på å vinne her igjen, seier Brennhovd.

Og fort går det, i nærare 250 kilometer i timen:

- Hopparane har no teke i bruk nye drakter som er endå meir tilpassa det å fly raskt, fortel Ivar Brennhovd.

- Kan du forklare oss vanlege kva som er så fascinerande med å hoppe ut frå høge fjell?

- Det er den ultimate opplevinga som kroppen strittar imot å utføre. Det er ei fantastisk augneblinksoppleving. Dessutan er det ei flott naturoppleving å hoppe ut frå Helsetkopen, og så er det så mange hyggjelege folk på Hellesylt, rosar Ivar Brennhovd – som også er dagleg leiar i Friluftslek AS på Åndalsnes.