Politiet og Statens vegvesen måtte fleire gongar rykke ut for å takle trøbbel i trafikken over Strandafjellet måndag. På Sykkylven-sida sperra to vogntog fylkesveg 60 ved 19.40-tida.

Er du på staden? Tips oss via sms/mms på 95 400 400 eller epost til 95400400@smp.no

Ifølgje operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt har det vore noko glatt på strekninga:

– Det er såkalla utfordrande køyreforhold fleire stader på Sunnmøre, seier han og oppmodar bilistane til å vise omsyn.

Skal du ut på vegane no, så kan det vere lurt å sjekke føreforholda.

Sjekk sjølv: Vegmeldingar for Møre og RomsdalSjekk sjølv: Vegmeldingar for Sogn og Fjordane

Samstundes meldar meteorologane full storm i løpet av tirsdagen, og har sendt ut OBS-varsel for heile Vestlandet.

Bom stopp

Tidlegare måndag ettermiddag meldte politiet at fleire bilar og lastebilar hadde køyrt av vegen på strekninga. Også då var det bom stopp og kaos.

Like etter klokka 17 opplyste politiet at dei var på plass for å dirigere trafikken, og Statens vegvesen brøyta vegen. Det vart også bestilt bergingsbil til eit vogntog der kjettingen hadde slitna.

Gjør som flere enn 20.000 andre - følg smp.no på Facebook

Ein tipsar fortalde at det var vanskelege forhold med mykje snø på fjellet, og slaps lengre ned. Ved 17.30-tida opplyste politiet at trafikken snegla seg av garde i sakte fart, etter at eit vogntog på strandasida stod fast.

Krøll i Stordal

Også i Stordal er det trafikktrøbbel måndag ettermiddag.

- På fylkesveg 650 ved Ekrelia er det meldt om at to vogntog har fått problem med det glatte føret. Vegtrafikksentralen varslar at dei vil sende mannskap for å sjå på forholda, opplyser Gram Franck.

Ifølgje vegtrafikksentralen var det to polskregistrerte køyretøy som stod fast. Ved 19-tida hadde ikkje vaktoperatøren fått nye meldingar om problem her.

Har du tips eller bilete? Send til 95400400@smp.no eller ring 95400400!

Statens vegvesen måtte fleire gonger kalle ut mannskap for å takle problema på fylkesveg 60 måndag. Foto: Robert Kvam
Dette vogntoget stod fast på strandasida av fjellet måndag ettermiddag. Foto: Robert Kvam
Politiet opplyser at det var kaos på fylkesvegen over Strandafjellet måndag ettermiddag. Foto: Sjur Ringstad