Med campingstolar, gule refleksvestar, caps, blokk og hårfønar var alt klart for ein liksom-radarkontroll i russeregi, melder Fjordenes Tidende.
Det var onsdag morgon at bilførarar ved Måløybrua fekk seg ein støkk på Riksveg 15 i Vågsøy kommune.
I 60-sona var nemleg russejentene Siv Oldeide og Benedikte Flataker. Dei "kontrollerte" bilar med hårfønar.
– Det er hysterisk morosamt når vi ser at bilistane slakkar ned og trur det faktisk er radarkontroll. Men vi vinka dei sjølvsagt berre vidare, og når dei ser russebuksene skjønner dei jo teikninga, seier russejentene til avisa.
Oldeide og Flataker enda opp med ei russeknute etter liksom-kontrollen.
- Vi får ein refleks i snora på russelua, fortel Benedikte til Fjordenes Tidende.