- Brann og politi er på veg til ein brann i ein trafostasjon på Remøy. Brannen har spreidd seg til terrenget, melder Sunnmøre politidistrikt på Twitter klokka 07.09.

Det skal ikkje vere fare for husa i området, og like over klokka 07.30 melder politiet at brannen skal vere sløkt.

- Dreier det seg om ein lyngbrann i området?

- Ja, brannnen skal ha spreidd seg i terrenget frå trafostasjonen, sa operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt til smp.no før det var kontroll på brannen.

- Men det er ikkje fare for hus i området, sa han.

Politiet fekk melding om brannen like før klokka 07 fredag morgon.

På Mørenett sin vaktsentral fortel dei til Herøynytt.no at dei forstod alvoret og kutta straumen tidleg. Dei håpar å ha straumen attende kl 12.

- Vi har vore obs på at det er tørt i utmarka. Han som var på vakt i dag tidleg skjøna kva som kanskje var i ferd med å skje og kobla ut linja, seier vakthavande ved Mørenett sin driftssentral på Søre, Jens Petter Riksem til Herøynytt.

Har du tips eller bilete i saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!

Tips smp.no på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!