Arbeiderpatiets Oddvar Myklebust er det sjølvsagte ordføraren etter at partiet erobra over halvparten av stemmene med ein framgang på over 22 prosent.

Då vert det truleg ein annan veteran i posisjonen som varaordførar ettersom Nils Magne Abelseth (H) gjer comeback. Både Myklebust og Abelseth har tidlegare vore ordførar i to periodar kvar.

Ordførar Hans Endre Sæterøy i Høgre går ut av kommunestyret etter berre ein periode. Også Frp og Venstre stiller liste. Eva Kristin Fjørtoft (V) er varaordførar no.