Kan avlaste Geiranger

Vurderer cruisehamn i Valldal

Talet på cruiseskip som kjem til å besøke Geiranger i åra framover vil auke. Då kan ein ny hamn i Valldal bli ei avlasting.

Kai Ordførar Arne Sandnes ønsker no ein diskusjon i Norddal om det er interesse for å gå vidare med planane om ei cruisekaia i Valldal, med tilknyting til landstraum. ILLUSTRASJON: FJORD PONTOON 

Indre

Det kom fram på eit seminar i Valldal før helga. Her vart både planane for ei flytekai, og ikkje minst ei løysing med landstraum, lansert.

– Det er no stadig meir fokus på miljø i verdsarvområda, og fleire cruiseskip vil bety meir forureining, seier ordførar Arne Sandnes (Sp) i Norddal.

Kraftlinja går like ved

– Ei løysing med straum frå land gjer at skipa ikkje treng å nytte dieselmotor medan dei ligg inne i fjorden. I Valldal går kraftlina like ved, og det er mogeleg å få til ei løysing med straum til skipa, seier Sandnes.

Han fortel at i Alaska er det allereie innført restriksjonar i talet på cruiseskip som får besøke området. Han trur det kan bli slik også slik i Norge.

Pilotprosjekt

Sivilingeniør Ragnar Gjørven sa på seminaret i Valldal at ei ny cruisehamn i Valldal bør finansierast som eit pilotprosjekt for verdsarvfjordane gjennom ENOVA-midlar.

Gjørven leia arbeidet med ein internasjonal standard for landstraumsystem som vart innført for to år sidan.