Kommunereforma

Norddal-nei til Ørskog

Ørskog har invitert Norddal til ein ny dialog om etablering av ein landkommune på nordre Sunnmøre.

SEIER NEI: Å gå inn i ein ny prosess med dei same kommunane som ein tidlegare har forhandla med kan bli tolka som ein omkamp, seier ordførar Arne Sandnes i Norddal – og avviser eit utspel frå Ørskog. 

Indre

Det synest Norddal kommune er ein dårleg idé, svarer ordførar Arne Sandnes (Sp), på vegner av forhandlingsutvalet i Norddal.


Kommunestyret i Ørskog kasta ordføraren frå forhandlingsutvalet

Vil få Skodje, Norddal og Stordal til å snu

Ørskog kommunestyre har på sitt ekstraordinære møte torsdag kveld fjerna fungerande ordførar Geir Peter Aure (V/KrF) frå forhandlingsutvalet for kommunereforma.

– Norddal takkar for invitasjonen, men finn per tida ikkje at det er grunnlag for å gå vidare i ein brei prosess som involverer mange kommunar. Det har bakgrunn i at det er gjennomført ei rådgjevande folkerøysting der berre om lag 19 prosent av dei som røysta i Norddal gjekk for landkommunealternativet.

– Heile 45 prosent vil at Norddal skal halde fram som eiga kommune, skriv Sandnes i eit brev til Ørskog kommune, og legg til:

– Nå ein først går til det skritt å spørje folket om råd i ei einskildsak, er det viktig å vise respekt for resultatet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre