Urke:

Hurtigruta byter Geirangerfjorden med Hjørundfjorden

Frå fredag 2. september byter Hurtigruta ut Geirangerfjorden med Hjørundfjorden.

HJØRUNDFJORDEN: Hurtigruteskipet «Trollfjord» fotografert ved Urke, med fjellet Slogen i bakgrunnen. ARKIVFOTO: KNUT-ARNE AARSET 

Indre

I to månader framover går hurtigruteskipa inn til Urke.

– Dette er ei stor hending for bygda Urke med berre 53 innbyggarar, skriv Urke Utvikling i ei pressemelding.

Passasjerane vert førte i land med tenderbåtar som skal leggje til på det no heilt nyoppgraderte småtbåtanlegget. Her vil turistane bli tekne imot av kaivert og guidar.

Solfylt skål for Hjørundfjorden

Høst, strålende sol, kaker, kaffi og Hjørundfjorden på sitt beste for hurtigrutepassasjerer


Turistane kan velje mellom å rusle rundt i bygda, besøke Kaihuset kafé og pub – eller handle på Urke Landhandel.

Dei kan også melde seg på busstur til Øye og Norangsdalen, med mat på Hotel Union på Øye. Dei som vil ut til fots i naturen kan velje mellom to guida turar, ein let tur og ein litt meir krevjande.

Hjørundfjordheimen på fjorden: Eit sant eventyr!

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre