Politiet måtte først ha hjelp frå ein privat tolk for å forstå kva den fransktalande innringjaren fortalde. Det blei slått fast at mannen befann seg ute i terrenget og trengde hjelp etter å ha skada seg i ein arm og rygg.

Like etter klokka 21 opplyste politiet at hjelpekorpset sine folk er framme ved den skadde i området ved Vesterås.

– No blir det ei vurdering om han skal fraktast ut med helikopter, eller kan bærast ut av terrenget, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck ved politiet på Sunnmøre.

Ein times tid seinare opplyser politiet at hjelpekorpset har fått vedkomande fram til ein bil. Mannen skulle etter planen fraktast til omsorgsenteret i Geiranger, der vedkomande ville få hjelp frå helsepersonell, ifølgje ei Twitter-melding.