Politiet: To bilar kolliderte i Sykkylven

Trafikkulukke i Velledalen torsdag ettermiddag.

Omkøyring: Torsdag ettermiddag er det omkøyring på grunn av kollisjonen på fylkesveg 60 i Velledalen.  Foto: Jørn Helge Egset

Indre

Politiet melde litt etter klokka 15 torsdag om ei trafikkulukke i Sykkylven. Det skal dreie seg om to bilar som har kollidert og det skal vere ein person i kvar bil.

- To personar er køyrt til legevakta i Sykkylven for sjekk, seier politiets operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck til Sunnmørsposten.

Alle naudetatane rykka ut til ulukka, som ifølgje brannvesenet skjedde nær Fetvatnet.

Ved 15.30-tida var eit felt stengt på staden og dei involverte blei undersøkt av helsepersonell, ifølgje ei Twitter-melding frå politiet i Møre og Romsdal.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Indre