Vegen gjenopna Geiranger - Eidsdal

Klokka 15.25 var vegen opna, etter eit mindre steinras.

Eit steinras gjekk på riksveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger tysdag ettermiddag.   Foto: Halgeir Dahle

Indre

Tysdag ettermiddag gjekk eit steinras på strekninga Geiranger - Eidsdal, nærast Eidsdal. Statens vegvesen fekk inn melding om raset klokka 14.03.

– Mesta er på veg til staden, opplyste Vegtrafikksentralen klokka 14.20.

Vegen er populær blant turistar, og det danna seg lang kø. Mot Eidsdal var det 6-700 meter kø, litt mindre mot Geiranger.

Tilfeldigvis forbi

To geologar var på anna oppdrag i Geiranger-området og kom tilfeldigvis forbi.

– Det er eit mindre steinras, som har gått mellom Berge og Høgli. Vegen blir stengt om lag ein time til, sa Kjell Haukeberg i Statens vegvesen til Sunnmørsposten klokka 15.

Etter undersøkingar vart geologane sikre på at det ikkje ville kome fleire ras på staden.

– Skredet har gått i ei ur. Geologane er no oppe i skredløpet og sender gjenverande lausmasse på kontrollert vis ned på vegbana, fortalde Haukeberg.

Klokka 15.25 kunne geolog Halgeir Dahle fortelje til Sunnmørsposten at vegen er opna.

Har du tips? Send sms/mms til 95 400 400 || epost til 95400400@smp.no || ring 95 400 400