Steinen sperra halve køyrefeltet. Litt før klokka 08.45 fekk Vegtrafikksentralen melding frå Mesta om at vegen var rydda.

– Mellom Fjørå og Tafjord er det eit rasparti som ikkje er sikra med rasoverbygg. Våre folk vurderer løsneområdet med ein gong, om det kan kome ned meir. Vi har faste rutinar på dette, seier sjefingeniør Ivar Hoel i Statens vegvesen.

Det vil også kome geolog for å undersøke nærare.

Følg smp.no på Facebook

Truleg frostsprenging

Ivar Hoel seier det mest truleg er frostsprenging som er årsak. Han trur ikkje steinen har falle langt.

– Dersom den kom høgt oppe frå, hadde den mest truleg hamna lenger ute i vegen og laga større skade, seier sjefingeniøren.

Han fortel at det i går var steinnedfall på to lastebillass på fylkesvegen nær Surnadal.

– Det er umuleg å gardere seg for at det kan kome ned stein. Dette er slik som skjer og som alltid har skjedd i fjordane våre. Vi har faste rutinar på at vi undersøker løsneområde, seier Hoel.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no

Pressar på for sikring

Fungerande ordførar Per Magnus Berdal i Norddal seier kommunen gjer det dei kan for å presse på overfor fylket og Vegvesenet.

Kommunen er også nøgd med at vegane blir sikrare.

– Vi er nøgd med at dei har sikra Norddalsstranda, og at dei no sikrar vegen på Berge mellom Eidsdal og Geiranger. Samtidig må vi leve med ustabilt fjell, sjølv om vi arbeider for å gjere det sikrare og sikrare, seier Berdal.

Har du tips til oss fra trafikken? Send sms/mms til 95 400 400, epost 95400400@smp.no eller ring 95 400 400.