Lam drepne på Hellesylt

Bonden mistenker at dei er tekne av ulv.
Indre

Fire lam er drepne av eit rovdyr på Tryggestad på Hellesylt.


Ulvejakt i Stranda

Sikker observasjon laurdag kveld.

– Vi sleppte 15 sauar og 30 lam på beitet tysdag. Onsdag kvelden var det eit lam som kom blødande tilbake. Eg såg blodet, og tok hand om lammet, men tenkte ikkje at det kunne vere bite av rovdyr. Men no innser eg at det var det som hadde skjedd,  seier sauebonde Per Kjell Leite til smp.no.

Mistenker ulv

I dag vart fire lam funne drepne på beitet. Dei har truleg mista livet onsdag eller torsdag.

– Dyra er tekne av eit rovdyr. Dei er bitne i strupen og ryggen. Eitt lam har mista hovudet, seier Leite.


- Eg såg ein ulv på Hellesylt

Jan Pedersen meiner at han har sett ulv.

Den siste tida har det blitt observert ulv fleire stader i indre strok, mellom anna på Helllesylt.  Søndag gav Fylkesmannen i Møre og Romsdal fellingsløyve på ulv i Stranda.

– Eg mistenker sjølvsagt at det er ulven som har teke dei. Eg har aldri opplevd å miste lam på denne måten før, seier Leite.

Ifølgje bonden har ikkje rovdyret spist noko av lamma. Han meiner det gjer det lite truleg av det er ein rev som har teke dei.

– Dette ser ut til å vere lystmord, og det meiner eg utelukkar reven.

Statens Naturoppsyn på plass

Statens Naturoppsyn var søndag på plass på Hellesylt for å undersøke dyra.

– Vi kan ikkje vere sikre på noko endå. Vi må flå dyra og undersøke dei før vi kan seie noko, seier Kjell Hansen i Statens Naturoppsyn.

Noko slikt har likevel Per Kjell Leite aldri opplevd før.

– Nei, aldri. Eg mista kanskje 4-5 dyr på beitet i fjor. Men dei fann vi aldri igjen, så eg veit ikkje kva som har skjedd med dei. Eg har aldri funne døde dyr så kort tid etter at dei vart sendt på beitet.

Fryktar fleire er tekne

Per Kjell Leite fryktar fleire dyr er tekne av ulven.

– Vi skal opp og leite no etterpå. Det er fleire lam som er sakna, så vi fryktar å finne fleire døde dyr, seier han.