– Ulveangrep var venta

Indre

– Det er beklageleg det som har skjedd med desse daude lamma og sauene. Men det er noko vi lenge har frykta, seier Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal sau- og geit.


Han seier at med den rovdyrpolitikken  som er blitt ført i Norge over fleire år, med SV i spissen, så var det berre eit tidsspørsmål før det kom ulv også til Sunnmøre.

– Vi såg teikna allereie i fjor, med observasjonar av ulv både i Sunndal og Eikesdal. Då ville dei før eller seinare også kome hit, og det har altså skjedd no - sjølv om det skjedde før eg hadde rekna med, legg Bjørdal til.


Lam drepne på Hellesylt

Bonden mistenker at dei er tekne av ulv.

Han seier det er godt over hundre år sidan sist det var ulv som herja på Sunnmøre.

– Er medlemmene i laget ditt uroa over situasjonen no?

– Det bør dei vere, slik dette utviklar seg. Det er mykje ulv i Sverige, og det er venta at ca 100 av dei vil krysse grensa til Norge berre i år, svarer Odd Bjarne Bjørdal.

Han legg til at bestanden av bjørn veks også, og at vi difor må rekne med at det også vil dukke opp bjørn på Sunnmøre etter kvart.