Busskuret i betongelement vart liggande flatt etter kollisjonen.

Ifølgje vitne er det lange bremsespor på staden.

– Det har nok vore høg fart. Ein nabo høyrde ein lang akselerasjon og deretter bremsing. Vi kan vere glad det ikkje er skuletid, seier ein person som bur i området til smp.no.

Det skal ikkje ha vore andre personar i bilen. Føraren framstod som uskadd men vart sjekka nærare av ambulansepersonell på staden.

Deretter vart han tatt med til akuttmottak Ålesund sjukehus for nærmare sjekk og for blodprøve.

– Vi fekk inn melding klokka halv sju. Ifølgje vitne framstod føraren som synleg rusa, seier politiets operasjonsleiar Borge Amdam til smp.no.

Hendinga var ifølgje politiet ikkje til hinder for anna trafikk.

Det er ifølgje vitne lange bremsespor på staden. Foto: Smp-tipsar