– Det finst ikkje ord som dekkjer kor grufullt det var å ligge der under snøen og høyre gutane rope og skrike utan å kunne hjelpe dei. Uansett kva ord eg brukar så er det vanskeleg å forklare kor vondt det var, og tida etter ulykka har vore. Eg har gråte min del,- det skal fuglane vite.

90-åringen Ragna Riise tek ein pause for å reinske stemma.

– Men alt det vonde bleiknar med åra. Eg har lært meg å godta det som skjedde, og for meg har det vore ei hjelp å snakke om raset og tragedien som ramma familien min og andre i bygda. Slik har eg klart å leve med rasulykka og tapet av vesle Ivar, seier ho.

Hendinga som sit som spikra i Ragna Riise sitt minne, og i alle andre som budde på dei gamle Rise-gardane på Sæbø. Ulykka blir omtalt som ei av dei større rasulykkene her til lands.

Raset kom

Det var i 0630-tida om morgonen måndag 19. februar 1968 at

Korsafonna frå Lissjedalshornet rett bak dei fem Risegardane losna. Enorme snømengder kom i forrykande fart ned fjellsida, og var nesten 400 meter breitt då det nådde dalbotnen. Då var heile sytten bygningar, bustadhus og løer, heilt eller delvis rasert. Denne måndags morgonen var det tjue personar til stades i husa, og elleve av dei vart nedgravne i dei enorme snømassane.

Ei snøkvit tragedie hadde ramma folk og bygningar på lensmannsgarden, Pegarden, Larsagarden, Torsteingarden og Simagarden. Det som i generasjonar hadde vore eit trygt og triveleg tun, likna mest på ei krigssone.

– Det var heilt ufatteleg at det skulle gå fonn akkurat der. Det hadde budd folk på Rise-tunet i fleire hundre år, og det var fleire andre ras i dalen som gjekk årleg, men ingen hadde høyrt snakk om at Korsafonna kunne vere farleg. Difor følte vi oss trygge, fortel Ragna Riise som legg til at akkurat denne vinteren var det uvanleg mykje snø. Ein reknar med at  det var omlag to meter og 20 centimeter med snø på flat mark på Rise då fonna gjekk.

– Så mykje snø har det ikkje vore her sidan. Og heile natta før fonna kom snødde det tett, fortel ho som enno låg i senga si med familien sin rundt seg då ulykka inntrefte.

Dekt av snø

Ragna og ektemannen lensmann John Riise låg på soverommet i første etasje, vegg i vegg sov sønene Arill, som då var ni år gamal, og vesleboren Ivar på fire. På loftet sov syster deira Anne-Berit, medan eldstemann Martinus var i Ørsta på folkehøgskule.

– Eg vakna av eit voldsomt brak, og av ei forferdeleg smerte i høgre foten. Den var forvridd, der eg låg heilt fastlåst i snøen. Heilt inn i ansiktet hadde eg snø, slik at eg nesten ikkje fekk puste, fortel Ragna og held fram.

– Eg høyrde John rope om hjelp, og Arill og Ivar kor dei ropte og skreik. Det var fole å ligge der fast i snøen ute av stand til å hjelpe nokon av dei. Eg klarte ikkje å få fram eit ord, fortel ho som etter kvart og høyrde folk gå i snøen over der ho og resten av familien låg.

To timar låg alle fem nedgravne, mellom snø og restar av huset, før leitemannskapa fann dei. Men hjelpa kom for seint til å berge 4-åringen Ivar.

– Ei stor sorg. Ivar var vaken det meste av natta før fonna kom, og han kom inn på soverommet til oss og ville sove i senga saman med meg og John. Men eg la han tilbake i hans seng, breidde dyna rundt han og sa at når han vakna så var det morgon.

Slik vart det ikkje. I ettertid har det plaga meg grufullt at eg ikkje lét han sove i senga vår. Men det er ikkje sikkert det hadde berga livet hans. Det får eg aldri vite, seier 90-åringen stille.

Ragna, John, Arill, Anne Berit og andre som vart berga frå snømassane vart borne inn i Pegarden. Det var det einaste huset som ikkje vart skadd av fonna.

Dramatikken var ikkje over for Riise-familien. For der inne i varmen var den sterkt nedkjølte Arill nær ved å få hjartestans.

– Ei adrenalinsprøyte redda livet hans. Arill tok tapet av Ivar svært tungt. Eg kan hugse han sa: «No får vi ikkje ein glad dag igjen, det får vi berre ikkje». Men det har vi fått, seier 90-åringen med eit smil.

Noko av gledene Ragna Riise siktar til er at ho og familien som miste så å seie alt dei eigde, sakte men sikkert klarte å kome seg på fote att, skape seg ein ny heim. Først i Ørsta og så Sæbø der alle familiane som vart råka av Korsafonna har bygd seg hus i det nye Rise-tunet, som ligg 3–400 meter frå området der det gamle Rise-tunet låg. Og ho er glad for at Arill har døypt opp eine sonen sin etter veslebror Ivar.

– Lensmannsjobben kravde mykje av John. Han var ein svært god og stødig ektemann. Vi støtta og hjelpte kvarandre gjennom den krevjande tida. John gjekk bort i 1980, så eg har vore enke i mange år, fortel ho som no bur i generasjonsbustad saman med sonen Martinus og hans familie.

Ragna Riise trur noko av årsaka til at ho har klart å takle opplevingane med rasulykka såpass bra som ho har gjort og framleis gjer, er at ho og John tidleg bestemte seg for at dei skulle snakke med borna og alle andre som ville høyre om rasulykka.

Stor interesse

For rasulykka på Sæbø har vakt stor interesse over heile Norge. Ikkje berre i dagane etter at raset gjekk. Hendinga fekk stor omtale i riksdekkande aviser, kronprins Harald vitja bygda og statsminister Per Borten sende helsing. Og folk frå fjern og nær kom køyrande til Sæbø for å sjå på skadane fonna hadde gjort.

– I alle år har eg og andre fått spørsmål om raset. Særleg når datoen for ulykka nærmar seg så blussar tankane og interessa opp. Og så har eg i årevis gått og stelt på gamle Rise-tunet og vore guide for busslastar med pensjonistar og andre som har kome for å sjå og høyre, seier Ragna Riise og rettar ryggen: – Då står eg på steintrappa på Torstein-garden, som er det einaste synlege att etter Rise-tunet, og fortel om korleis det var her før fonna kom, korleis det vart og korleis livet har gått vidare.

For tøft å prate

– Nei, eg orkar ikkje snakke om rasulykka. Det var fælt. Knut Riise går nokre raske skritt bort frå trappa til det som var Torstein-garden. Der blir han, i høve at det no er 50 år sidan rasulykka, fotografert saman med Kjell Arne Årseth som vaks opp i huset, og Martinus Riise frå lensmannsgarden.

På same staden reiste Risefolket i 1993 ein stein til minne om Riseulykka og dei tre som omkom. Dei to sistnemnde var ikkje heime då ulykka ramma i 1968. Det var Knut, som då var 20 år gamal. Han var ein av dei fyrste som oppdaga kva som hadde skjedd, og som med fare for eige liv streva seg gjennom snømassane frå Rise til Sæbø for å varsle om det som hadde hendt.

– Eg var den sprekaste av oss som stod uskadde på tunet, og melde meg frivillig til å springe etter hjelp, fortel han som i dag er 70 år.

Då 20-åringen Knut Riise kom til Sæbø, var han så utsliten at han måtte ha hjelp til å nå tak i brytaren for å slå på brannsirena. Slik vart bygdefolket varsla om raset på Rise, og hjelpemannskap vart tilkalla.

Sjølv om det for Knut Riise blir for sterk påkjenning å snakke om rasulykka, har han skildra minna sine i ein detaljert artikkel publisert i Hjørundfjordportalen.

– Eg måtte nesten symje i over to meter høg snø. Dette i tillegg til redselen for at Skondalsfonna skulle kome, gjorde at eg masa meg heilt ut. Eg tenkte at kjem fonna no, er det slutt både for meg og dei som treng hjelp, står det å lese der. Han skriv og om sjokket då han såg at lensmannshuset og andre bygningar var heilt vekke, ropa frå folk under snømassane utan å ha reiskap til å grave med. Alt var dekt av den knallharde fonna.

– Det verste var ropa nedanfrå snøen under huset. Det plaga meg lenge, skriv Knut Riise.

Eit stort sjokk

Kjell Arne Årseth, som i ein alder av 23 år miste begge foreldra sine i Rise-ulykka, har ikkje fortalt si historie offentleg før no. Sjølv var han på jobb som målarlærling i Volda då raset gjekk.

– Det var eit sjokk å kome til rasstaden. Alt var kaos av hus som låg på skakke, snø, tre og material av øydelagde hus låg strødd, masse folk som grov i snøen, og blod. Masse blod frå mange husdyr som måtte naudslaktast. I mange år hadde eg mareritt, og såg ei stor fonn som kom veltande, fortel Kjell Arne Årseth.

73-åringen legg ikkje skjul på at han får dramatiske bilde tilbake på netthinna når han no 50 år etter hendinga, skal sette ord på sine opplevingar.

Då han utpå føremiddagen fekk vite at det hadde gått fonn på Rise, fekk han tak i ei drosje for å kome seg heim.

– Det var ikkje spor etter vårt hus og løa, seier han og stryk seg over augo.

At foreldra hans, Hjørdis (66) og Torstein (70), var funne omkomne under snømassane fekk han vite av ein tilfeldig mann.

– Dei var døde. Det var alt han sa. Eg fekk sjokk. Snudde på hælen, og tok drosja tilbake til Volda. Der sat eg åleine på hybelen.

– Fekk du hjelp til å takle tapet og den dramatiske hendinga?

– Nei, frå det offentlege var det inga hjelp å få. Det fanst ikkje kriseteam som rykte ut den gongen. Men slekt og brørne mine, Magne og Sigmund som var busett i Valdres og Telemark kom til. Til å bearbeide kjenslene fekk eg god hjelp av syskenbarnet mitt, Ranveig Nygjerde. Etter gravferda budde eg heime hos familien hennar i helgane, og vi to sat oppe utover kveldane og snakka om rasulykka. Ho berga mi psykiske helse, seier han bestemt.

– Korleis pregar rasulykka deg i dag? Er du redd for at det skal kome nytt ras?

– Når ein bur på ein stad som her i Bondalen med rasfarlege fjell på alle kantar, lærer ein seg å  leve med ein viss risiko. Og ikkje minst å ha respekt for naturen. Eg tenkjer ofte på det som skjedde, men det er ikkje lenger slik at eg grublar på hendinga som for meg var den totale katastrofe, seier 73-åringen som rettar ryggen.

– Det gjeld å sjå framover, men det er nesten ubegripeleg kor fort tida har gått sidan rasulykka, seier Kjell Arne Årseth, ristar på hovudet og legg til:

– 50 år er gått. Minna er dei same.