Kvileheim for gamle bøker

Over tre etasjar i ei løe på Hareid er det bøker i tusental.

VERDIEN AV BØKER: I den gamle gjødselkjellaren har Hans Gisle Holstad spylt reint, kalka murane på nytt og laga det til riktig så koseleg for ei lesestund. Heile løa er full av bøker som ingen andre vil ha. – Boka gir deg kunnskap, refleksjon og danning, seier den pensjonerte skulemannen. 

Reportasje

Etter krigen og ut på 50-talet flyt det ikkje med bøker i heimen. Det er ikkje det første ein prioriterer, etter fem år med okkupasjon og mangel på så mykje.