Helgapraten

Uorden på innsida

Ho likar både å vere ryddig og ha det ryddig, Trine Røssevold. Ho likar system. Det er fordi det er uorden på innsida, då må ho ha orden på utsida. Det blir for mykje viss ikkje.

Vi treng noko som speglar oss som vatn med krusingar på, noko som ser oss litt skakt og stiller spørsmål som får oss til å tenke

Reportasje

Det året Trine Røssevold fylte 17 år spaserte ho ut av bedehuset på Valderøya, lukka døra forsiktig bak seg, sende huset eit kjærleg blikk og sa stille til seg sjølv at no må eg gå ein annan veg. Inntil då hadde bedehuset vore nesten som heime. Her hadde ho vanka så lenge ho kunne hugse. Små, seinare litt større, nevar hadde folda hendene i bøn. Her hadde ho lært om den heilage ande, teikna Jesus i alle variantar og fundert over livet. Paradoksalt nok vart denne funderinga, som ho lærte seg nett i bedehuset, årsaka til at ho måtte finne ein annan veg. Vekk frå huset, men ikkje frå folka og refleksjonane i det.