– Norges mest spektakulære vegprosjekt gjennom tidene

Både entreprenør Skanska og Vegvesenet meiner Nordøyvegen er godt i rute.

Stolte: Marianne Nærø og Torbjørn Vatnehol frå Vegvesenet viser gjerne fram arbeidet med Nordøyvegen.  Foto: Nils Harald Ånstad

Reportasje

Seks digre betongkasser stikk opp av sjøen på Lepsøyrevet. Nyleg vart kassene senka ned på botnen og blir no fylt med stein. Og gjennom vinteren held arbeidet med Lepsøybrua fram.