Lykka er å vere i det fri

Å sjå sola gå i havet frå teltopninga på ein fjelltopp – det er toppen av lykke for mange friluftsentusiastar.

Solnedgang: Dette er draumen for mange denne sommaren. Martine og Ingrid Slettestøl tok nyleg med telt og soveposar og overnatta på fjellet Gjøna på Gurskøya i Sande kommune.   Foto: Martine Slettestøl

Reportasje

Søstrene Martine og Ingrid Slettestøl har vore på slike fjellturar fleire gonger. Martine har overnatta i telt tre netter i år, medan Ingrid så langt har ei natt i telt.