Helgapraten:

Ytterpunktet

Av og til kan Anita bli så sint at ho blir svimmel. Andre gonger kan ho bli så glad at ho grin. Fordelen er at du aldri treng å lure på kva ho meiner.

Anita Nansy Valderhaug.  Foto: Morten Hjertø.

Reportasje

Vi skal likevel starte ein annan stad. Du skal få forklaringa på korleis det artar seg, dette sinnet, denne gleda. Du skal få ei forklaring på kvifor ein god venn og kollega av Anita beskriv henne som temperamentsfull og unorsk, eit ytterpunkt av et menneske. Eller som han så fint sa det, eit menneske med mange fargar i seg. Men først skal vi starte med den riktig grå versjonen av Anita. Den som ifølge henne sjølv hadde visna frå hovudet og opp, og frå livet og ned.