Meiner seterkultur må på verdsarvliste

Organisasjonen Norsk seterkultur jobbar med å få oppført seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv.

Formidling: Jostein Sande er geitebonde og historikar. I fleire tiår har han vore oppteken av å ta vare på og formidle seterkulturen vidare til nye generasjonar. Dette har ikkje minst skjedd gjennom aktiv drift på Herdalssetra, der tusenvis av turistar frå inn- og utland har fått lære om seterdrift.  Foto: Britt Ingunn Maurstad, Storfjordnytt

Reportasje

– Det er i tolvte time, men setrane er ein utruleg sentral del av norsk kulturarv. Ein FN-status vil sannsynlegvis gi eit lyft for denne driftsforma. Får seterdrifta plass på denne lista forpliktar det styresmaktene, seier Jostein Sande.