Kvardagsbetrakningar samla i ei ny bok:

Ord for ord kan grått bli til glitter

Små glimt av lykke og lærdom kan kome snikande i kvardagen, og då skriv Janne Kristin Lid dei ned.

Bokaktuell: – Dei siste åra har eg skrive små forteljingar. Stemningar, tankar og fine hendingar, opplevd på heilt alminnelege dagar, fortel Janne Kristin Lid.   Foto: Geir Øye

Reportasje

Den dagen mormora Målfrid Buset Vartdal døyde, 91 år gamal, kom orda heilt av seg sjølv, fortel Janne Kristin Lid.