«Dødeleg mørke»:

Evy lever

For eitt år sidan trudde ikkje Evy at ho skulle vere i live i dag. Då var ho bestemt på at ho skulle ta sitt eige liv. Heldigvis lever Evy, og no vil ho gi andre håp.

  Foto: Marius Beck Dahle

Reportasje

Går vi eitt år tilbake i tid var Evy Karoline Vatne innlagt ved psykiatrisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Ho var ein utrygg pasient i akutt sjølvmordsfare. Vi skal komme tilbake til korleis ho hamna der, men vi startar i ein annan ende. For rundt åtte år sidan.