Feira Karsten med hekkeløp i Ulsteinvik sentrum:

- I dag er vi alle dimningar

Hundrevis tok til gatene i Ulsteinvik tysdag føremiddag for å feire Karsten Warholm sitt OL-gull. Og no kan den store idrettsprofilen hamne på sokkel.

Hurra for Karsten: SFO-elevar frå Ulstein hadde tatt turen til Ulsteinvik sentrum tysdag føremiddag.  Foto: Staale Wattø

Reportasje

– Takk til alle som stod opp tidleg for å støtte Karsten. Han vart veldig glad då han høyrte at mange hadde sett finalen i Ulsteinhallen. Og feiringa her med hekkeløp for barn og unge er heilt i Karstens and, sa mamma Kristine Haddal frå talarstolen under feiringa i Ulsteinvik.